NY ROMAN:
BLOD OG VATN, FIRE KLAGESONGAR
Éin gard. Fire forteljarar. Kvar av dei har sin monolog, eller kanskje heller klagesong, om livet på garden. Ekteparet strevar med å "dra lasset saman". Odelsguten drøymer om å bli diktar, men tvilar på om han duger til noko som helst. Tenestejenta har etter 35 år enno ikkje kome seg av flekken, bunden av eit papir ho ein gong skreiv under på. Den gamle sit med nøkkelen til det meste. Frå han høyrer me ingenting, før det ein dag skjer noko ...
Blod og vatn er ein fleirstemd roman om arv og odel, arbeid og utanforskap, plikt og lengt, og om kva det kostar å høyra til.
Den prislønte forfattaren Hermann Starheimsæter er kjend for skildringar av menneske under press og for eit særmerkt språk. Kritikarane har trekt fram både dei presise, "mimosa-aktige" sansingane og "den store humor". I Blod og vatn, hans mest omfattande bok til no, møtest desse kvalitetane i ei forteljing der også det metafysiske og religiøse står sentralt.
Roman 648 s.
Kapabel Forlag 2026
Hermann Starheimsæter
Kontrastar, konflikter og poesi
Eg som voks opp på skuggesida i Indre Sogn fekk tidleg oppleva kontrastar. Mellom den flate dalbotnen og dei stupbratte fjellsidene. Mellom den fire månader lange vinterskuggen og sommarens overflod av lys og fargar. Men det som likevel gjorde sterkast inntrykk var konfliktene i og mellom menneska, ja, ytterpunkta i det menneskelege sinn. At eit menneske kunne vera så mykje! Dette har resultert i kontrastfylte romanar, der sansevare stemningar skifter saumlaust med psykologisk grunnboring og "den store humor". Som i den nyaste boka mi, Blod og vatn (2026), som i Nordvegen-trilogien (2003-2012) og Han gjorde det (1990). Mot ein slik bakrunn kan diktsamlingane mine lesast som forsøk på å finna meditative punkt av ro i alle konfliktene.
Om forfattaren
"In all his books the keynotes are atmosphere and intensity, coupled with a discreet psychological insight."
(Nøste Kendzior i Portraits. 11 contemporary Nowegian authors. Lillehammer Organizing Committee 1994)
---
"Sjølv skriv han fiksjonar til å krype inn i, det vil seie, dersom ein tek seg bryet med å rekonstruere dei. Historiene er nemleg leverte som halvfabrikata, med holrom som må fyllast ut og tekstbrokker som må snuast om på for å få det fulle utbytet. Men om ein gjer det, får historiene både vegger og dører og store kjellarar under. Ikkje minst kjellarane gjer det vel verdt å gå til verket."
(Marta Norheim i Bøk, tidsskrift for litteratur og teori, nr. 5 1995)
---
"Starheimsæter er de vare, mimosa-aktige sinnsstemningenes dikter."
(Øystein Rottem i Norges Litteraturhistorie, bind 3. Cappelen 1998)
---
" ... en innsiktsfull psykolog og en poetisk prosaist. ( ... ) Psykiske forvirringstilstander spiller en viktig rolle ... "
(Per Thomas Andersen i Norsk litteraturhistorie, 2. utgave. Universitetsforlaget 2012)
---
" ... ein musikalsk og original romanforfattar. (...) Bøkene er prega av djup psykologisk innsikt og innleving, kombinert med sober skrivekunst."
(Jan Inge Sørbø i Nynorsk Litteraturhistorie. Samlaget 2018)
Bibliografi:
Lungeblæretre. Dikt. Aschehoug 1980
Neslesommarfuglen. Noveller. Aschehoug 1986
Knutepunkt. Dikt. Aschehoug 1988
Han gjorde det. Roman. Aschehoug 1990
Steinskuggar. Dikt til foto av Jens Hauge. Samlaget 1991
Det trettande biletet. Roman. Aschehoug 1993
Rom bak rom bak. Dikt. Aschehoug 1995
Som om eg ikkje hugsar. Roman. Aschehoug 1997
Bang! sa Big. Barnebok. Aschehoug 1999
Den svarte Audi-en. Barnebok. Selja 2000
Nordvegen. Roman. Aschehoug 2003
Nattbussen. Roman. Aschehoug 2007
Der nåden finst. Roman. Samlaget 2012
Blod og vatn. Roman. Kapabel 2026
Om bøkene
Lungeblæretre (1980):
"Dette er dikt med adskillig viten og atmosfære. Det bekrefter (...) at det ennu er håp for det gode diktet."
(Odd Abrahamsen, Morgenbladet)
---
Han gjorde det (1990):
"Med denne romanen har Hermann Starheimsæter foretatt en halsbrekkende manøver der han med dristighet, konsentrasjon, innlevelse og eleganse har formådd å skape et litterært kunstverk ... "
(Nøste Kendzior, Arbeiderbladet)
---
Steinskuggar/ Stoneshadows (1991):
"Tekstene er konkrete og sanselige, varlige og følsomme uten snev av sentimentalitet, skrevet med en språklig og billedmessig sikkerhet som får dem til å stå som et spett i jorda. Dette er norsk poesi av beste merke ... "
(Lasse Tømte, Dagbladet)
---
Som om eg ikkje hugsar (1997):
"Her er driv og eit smerteleg alvor. Her er skarpe og fine observasjonar, frå det indre landskap, men også frå fjell og by. Her ventar kort sagt fine lesaropplevingar!"
(Brit Bildøen, Dagbladet)
---
Nordvegen (2003):
" ... barndomsskildringer på høyde med det beste i norsk litteratur. ( ... ) Samt voksenskildringer som i partier utfordrer en Dag Solstad i utstudert psykologi og sosiologi."
(Rolf Enger, Bergens Tidende)
---
Nattbussen (2007):
" ... ein veldig språkleg energi, eit kraftverk av språk ... Hermann Starheimsæter har no etablert seg som ein av dei aller fremste i moderne norsk litteratur. Det er få, om nokon, som meistrar denne språklege og tematiske balansen mellom det djupt tragiske og den store humor, mellom det 'normale' og 'galskapen'."
(Knut Ødegård, Aftenposten)